Tjelle og Ranvik Skyttarlag 1894 – 1994
Forord
I samband med at Tjelle og Ranvik skyttarlag i år markerer 100-års jubileet fann eg det interessant å samla litt av laget si historie i eit eige jubileumsskrift. For meg som har vakse opp med skyttarlaget som nær sagt det einaste organiserte aktivitetstilbodet, har laget alltid hatt ein viktig plass både som gutunge, ungdom og no som vaksen. Det har alltid vore triveleg å samlast til dei faste lagskytingane på Kleiva. Søndag klokka 13.00 er nok for alltid eit klokkeslett som eg vil knyta til skytingane på Tjellekleiva. Om trivselen utvilsamt var ei drivande kraft også for grunnleggarane av skyttarlaget, var nok forsvarstanken og nasjonalkjensla vel så viktig for dei 16 som i januar 1894 møttes til stigingsmøte på skulehuset på Tjelle. Eg er ikkje i tvil om at det ville ha gledd dei mykje om dei var klar over at møtet i skulestova ein sur januar dag i 1894 skulle bli spiren til det livskraftige skyttarlaget som no kan feira sine 100 år. Dette jubileumsskriftet må naturleg nok mest omhandla Tjelle skyttarlag. Det er likevel slik at samanslåinga med Ranvik skyttarlag i 1966 nok har vore avgjerande for at laget no kan feira sine eitt hundre år. Samanslåinga har ein stor del av æra for at laget kan framstå som eit livskraftig lag på hundreårsdagen. Det er begrensa kva ein får med i eit jubileumsskift, og mange fleire som har lagt ned ein stor innsats for laget skulle nok vore trekt fram. Eg vonar likevel at heftet kan gje eit innblikk i noko av det som har gått føre seg på styremøter og på skytebana dei siste hundre åra.
- Tjelle, november 1994. Sigmund Tjelle.
Fra årsmøtet på Tjelle forsamlingshus 28. oktober 1994. [ Klikk på bildet for større versjon ]
Stiftinga
Den 14. januar 1894 var det kalla saman til møte i skulehuset på Tjelle. Nokre av dei mest skyteinteresserte mennene i bygda og i nabobygdene ville starta eit skyttarlag for Tjelle og omegn. Det vart og forsøkt å dra i gang eit skyttarlag i bygda alt i 1882.1 bokverket «Norges skyttere i ord og bilde» står det å lesa at 25 skyttarar delte på to rifler det første året. Laget vart lagt ned etter eit par år. Vi reknar difor møtet i januar 1894 som det verkelege stiftingsmøte for skyttarlaget. I alt 16 personar møtte fram , mest tjellingar, men og folk frå Rød og Gussiås, eller Osmarken som det står å lesa i protokollen. I møteprotokollen står det at samtlege, etter at reglane for det «frivillige skytervæsen med statsbidrag var opplest, ærklærte sig villige til på nærmere stillede betingelser, at inngå i det eventuelle skytterlag.» Dei 16 frammøtte var grundige menn, som ville at alt skulle gjerast etter datidas lover og reglar. Lovforslag for laget vart vedteke, og årskontigenten vart sett til femti øre. Det nye skyttarlaget måtte sjølvsagt ha eit navn, og eit einstemmig møte bestemte at laget skulle kallast «Rifleringen». Vi tek med navna på dei som vart vald inn i det første styret. Dette er personar som vi kan følgja i protokollane i mange år framover. Torstein A. Tjelde vart valt som lagets aller første formann. Med seg i styret fekk han Torstein H. Tjelde, Jakob K. Engen, Torstein H. Gussiås (viseformann), samt den einaste som er nevnt med tittel i protokollen; Lærar Ole E. Bakke. Som varamenn til styret valte møtet Ole O. Tjelle, Ole O. Bakken, Jørgen L. Tjelde, Sivert A. Tjelde og Ola H. Tjelde den yngre. Som kasserar valte møtet Torstein H-. Tjelde. Revisoroppgåva fall på Jakob Engen og Torstein Gussiås. Møtet vedtok å melda laget inn i «Mørernes og Romsdals skyttersamlag.
Første styremøtet
Den 22. april samme året var det så klart for det aller første styremøtet i det nystifta skyttarlaget. Val av instruktør sto på programmet. Formannen Torstein A. Tjelde vart vald. Det er grunn til merka seg at den slags verv ikkje var noko ein tok på seg gratis på den tida. Styret fastsette godtgjersla til to kroner for kvar Øvingsdag. Ei anna sak som var oppe på dette aller første styremøtet var anskaffelse av flagg. Vedtaket var at dette skulle «henstå indtil videre.» Det vart vidare vedteke å kjøpa inn ein del skivematriell samt pussesaker. I protokollen står det ikkje nevnt noko om aktiviteten dette første året. Det neste møtet vart halde i romjula samme året. Den 29. desember var det innkalla til årsmøte der samtlege tre styremedlemar som sto på val, vart attvalde. Årsmøtet bestemte vidare at kvar skyttar kunne skyta 30 skot i året av laget sin ammunisjon. Styret og skyttarane må etter møteprotokollen å døma ha vore svært så aktive. Allereie den 25. februar i 1895 var det nytt styremøte. Innkjøp av 10 kilo krutt, 40 kilo kuler, 2500 fenghetter og 200 omladehylser vart vedteke.
Underafdeling
Den 3. juni i 1895 hadde styret ei stor sak å drøfta. Det var kome inn forslag frå nokre av medlemmane frå Osmarka som ville oppretta ei underavdeling i heimbygda. Forslaget vart vedteke, men først etter at styret hadde sett klare grenser. Vi tek med frå protokollen; » Det oprettes en underafdeling i Osmarken på følgende betingelser; 1. Afdelingen erholder fra laget et gevær of armeens våpen, forsaavidt laget of disse erholder udlaant minst to. 2. Mulige restanser of kontigent og amunitionspenge må, ligesom kontigenten for 1895 være afgjort forinden vedkommende skytter får adgang til at skyde ved afdelingens bane. 3. Afdelingen erholder av laget skivepap indtil 4 kvadratmeter årlig, samt de nødvendige pudsesager samt amunition i lighed med hovedafdelingens medlemmer. 4. Torstein H. Gussiås overtager kassererposten ved afdelingen og er ansvarlig for den amunition han erholder, såvel til fordeling som til salg.
I tillegg var det lista opp ytterlegare fire punkt med klare formaningar om at hovedavdelinga på Tjelle forbeheldt seg retten til å «opsige» avdelingen på Osmarken dersom dei fann det naudsynt. Oppdelinga med underavdeling på Osmarka såg ikkje ut til å redusera aktiviteten på Tjelle. Hausten 1895 vedtok styret å arrangere premieskyting laurdag 26. oktober. Med forbehald om årsmøtet si godkjenning vedtok styret å bruke 14 kroner til innkjøp av premiar. Av programmet ser vi at det på 100-meteren det året vart arrangert ei Centrumsskyting med innskot. Truleg ei av dei mest populære skytingane på den tida. Laget hadde enno ikkje formelt fått ordna med grunn til skytebane. Det skulle gå mange år før det gjekk i orden. På styremøtet 7. juni 1896 vart det imidlertid bestemt at skytinga for framtida skulle foregå på den vestre sida av Kvamlivatnet. I forkant av det samme styremøtet hadde Ole O. Tjelle gjeve signal om at han kunne tenkja seg å selga remingtonrifla si til laget for femten kroner kontant. Det var dissens i styret om kjøpet, men dei takka ja med formannen si dobbeltstemme. Av styreprotokollen ser vi at rifla vart selt attende for ti kroner til sin opprinnelege eigar eit par år seinare. I staden vart det vedteke å kjøpa eit Lunds gevær.
Samanslåing
Skyttarlaget var tydeleg på leiting etter ei framtidig varig organisering på denne tida. Den 22. januar 1898 var styret kalla saman for å ta stilling til om laget skulle halda fram som eige lag, eller om det skulle slutte seg til «Rødstrandernes skytterlag» med underavdeling på Tjelle. Eit enstemmig styre vedtok at laget skulle slåast saman med skyttarlaget på Rød. Det nye navnet på laget vart Tjelle krets of Rødstrandernes skytterlag. Det har ikkje lukkast forfattaren av jubileumsskriftet å finna ut noko om skyteaktiviteten på Tjelle i åra etter samanslåinga. Det vart brått slutt med å skriva møteprotokoll. Mykje kan tyda på at det ikkje var noko spesielt heldig avgjer å slå laget saman med skyttarlaget på Rød. Om skyttarlaget vart oppløyst i desse åra, eller om tjellingane var misnøgde med samanslåinga veit vi ikkje, men av protokollen kjem det fram at det
«efter foregående bekjentgjørelse» var kalla inn til eit nytt stiftingsmøte for å stifte eit skyttarlag for Tjelle og omegn på Snorre Sturlasons forsamlingslokale på Tjelle den 4. februar 1912. Det vart vedteke lover for laget i hovudsak basert på det forrige laget sine lover, men med ei viktig tilføying; «Kortspill under lagets skyteøvelser inden en afstand of 200 meter fra skytepladsen er forbudt, og straffes i overtrædelsestilfeller med utvisning of laget for et tidsrom of mindst ett år» Johan Troldmyr ser ut til å ha vore ein av initiativtakarane til møtet denne vinterkvelden i 1912. På «bestyrelsesmøtet» i etterkant av stiftingsmøtet vart Troldmyr valt til formann for laget. Ole O. Tjelle vart valt til nestformann. Av protokollen ser vi at ti av bygdas menn var møtt fram for å blåsa nytt liv i skyttarlaget; Torstein A. Tjelde, Torstein H. Tjelde, Lars L. Tjelde, Ole A.Tjelde, Johs Einang (læraren i bygda), Olaf H. Tjelde, Johan Troldmyr, Sivert A. Tjelde, Anders S. Tjelde og Ole O. Tjelle.
Krigstida
1 1914 var den første verdskrigen i gong. Den 4. april var det styremøte i skyttarlaget. Der vart det referert eit skriv frå Romsdals Skyttersamlag «som i henhold til fastsætelsen of Forsvarsdepartementet under 28de november 1912 hvilket der pålegges skytterlagene at danne lagstrop.» Av styreprotokollen går det fram at laget svara samlaget at det for tida ikkje var nok aktive skyttarar i laget til å danna nokon lagstropp. Styret sendte likevel inn ei liste med navneoppsett på personar som kunne vera aktuelle til ein slik tropp. Elles ser det ikkje ut til at krigen verka nevneverdig inn på dei faste skytingane og arrangementa til skyttarlaget. Av protokollen går det fram at det har vore j evnelege styremøter og årsmøter. Saker som går på innkjøp av ferdiglada skot fra Norma Prosjektilfabrik i Kristiania, val til styret og utsendingar til ombudsmøtet i Molde og fastsetting av skyteprogram for komande sesong går att. Dette er saker som også dagens styre- og årsmøter har til behandling.
«Troldmyr-epoken»
Vi kjem attende til den svært så aktive perioden for laget utover på tredvetalet, seinare i jubileumsskriftet. Frå først på femtitalet er vi komen fram til ein tidsepoke som svært mange av dei som i dag er med i laget hugsar. Navn som Ole Kvernberg, Jahn Klokset, Olav T. Tjelle, Almar Rød, Sverre Skjørseter, Ole Troldmyr, Lorentz Tjelle, Kåre Barstein, Bjarne Tjelle, Knut Emil Tjelle, Ingvald Gamsgrø og Hans Olafsen Tjelle går att i protokollen Vi har ikkje gløymt den som kanskje har lagt ned mest arbeid i heile laget si no 100-årige historie. Den 6. juli 1952 var det innkalla til ekstraordinært årsmøte i laget. Formannen var ikkje kalla inn. Møtet skulle nemleg drøfta korleis laget skulle yta mangeårig formann og inspirasjonskjelde, Johan Troldmyr ære på 70-års dagen hans den 15. juli 1952. Eit samrøystes møte gjekk inn for å utnevna Johan Troldmyr som æresmedlem i Tjelle skyttarlag. På samme dag skulle Troldmyr få overrekt laget si minnemedalje i gull. Ikkje nok med det, frå medlemmane i laget skulle Troldmyr få ein sølvpokal med inskripsjon og blomster. Olav T. Tjelle – som sjøl vart utnevnt til æresmedlem i laget 26 år seinare (i styremøte 15.1 1978), vart valt til å kjøpa ovannevnte gaver. Torstein O. Tjelle fekk æra av å overrekka pokalen til Troldmyr heime hos han på sjølve dagen. Bror til Johan, direktør Ole O. Troldmyr var og av dei som støtta opp om arbeidet i skyttarlaget. Laget fekk fleire vandrepokalar frå direktøren. Den sist oppsette pokalen vart etter nokre år trekt inn på grunn av uoverenstemmelsar. Pokalen vart sett opp att for omlag tjue år sida. Ola Tjelle tok pokalen til odel og eige for nokre år sidan. Også Ingvald Hansen, Knut Emil Tjelle og seinare Jahn Klokset og Olav T. Tjelle samt bedrifta Oskar Sylte A/S er mellom dei som har gjeve vandrepokalar som det skulle konkurrerast om innan laget. Av protokollen ser vi at Olav T. Tjelle tok den første pokalen som Ingvald Hansen sette opp til odel og eige i 1966. Ingvald Hansen sette opp ein ny pokal. Denne pokalen tok Ove Robin Lund til odel og eige omlag 20 år seinare.
Ranvikingane blir med
Til årsmøtet den 23. mai 1965 var det kome ein forspørsel frå Ranvik skyttarlag om å få fusjonere med Tjelle skyttarlag. Tjellingane hadde ikkje noko imot dette. På årsmøtet den 19.mars 1966 var tre mann frå Ranvik skyttarlag møtt fram. Hans Ødegård, Einar Buvik og Hans A. Ranvik. Dei kunne fortelje at eit samrøystes årsmøte i Ranvik skyttarlag hadde gått inn for samanslåing med skyttarlaget på Tjelle. Det vart vedteke at samanslåinga skulle gjerast gjeldande frå og med skytesesongen 1966. Det nye navnet på skyttarlaget vart etter dette Tjelle og Ranvik skyttarlag.
Skytebanen
Skytinga har heile tida gått føre seg på Tjellekleiva. Heilt fram mot siste verdskrig vart det skote på 600 meter haldet. Ein ser tuftene etter 600 meter skytegrava den dag i dag. Også 400 meter og 200 meter haldet har vore populære skytehald. I dag er det kun 100 meter og 300 meter haldet som er i bruk. I nyare tid har det vore ein del vanskar med å få ordna opp i banespørsmålet for laget. Dette gjeld først og fremst 100 meter haldet, der det i åra 1972 -1974 var mykje korrespondanse mellom grunneigaren, skyttarlaget, fylkeslandbruksstyret og Skyttarkontoret for å finna fram til ei løysing. Etter at skyttarlaget gjekk med på å avvikla skytinga på 200 meterhaldet, og bygde ny 100 meter bane har skyttarlaget og grunneigaren hatt eit godt samarbeid. Heller ikkje for 300 meter haldet vart det skreve tinglyst kontrakt med grunneigaren før i 1972.
Mange gode resultat
Skyttarane tilhøyrande Tjelle skyttarlag har markert seg på stevner rundt om i distriktet og landet. Spesielt i tidlegare tider vart det prestert mykje god skyting. Erik Hagen vart samlagsmeister på bane i 1937. Skyttarlaget har i si forvaring ein protokoll gjeldande lagskytingar i Nesset på byrjinga på femtitalet. Skyttarlaga i Eidsvåg, på Eidsøra, Raudsand og Tjelle konkurrerte i fleire år om ein pokal som formennene i dei respektive laga sette opp statuttane for. I møte heime hos formannen for Eidsvåg skyttarlag, Sigurd Langset, møtte og Johs. Aas frå Raudsand, John B. Fredsvik frå Eidsøra og Johan Troldmyr frå Tjelle. John B. Fredsvik vann individuelt den første skytinga med 218 poeng. Broren Arthur kom på andreplass med 216 poeng. Eidsøra vann og lagskytinga med 1064 poeng. Tjelle skyttarlag kom på tredjeplass etter Eidsvåg med 925 poeng. For Tjelle skaut Alf Gamgsgrø, Olav T. Tjelle, Oddvar Flor, Jahn Klokset og Hans Olafsen Tjelle. Eidsøra hadde ansvaret for skrivinga av protokollen etter skytinga. Dei «unnskylder» den klare sigeren med at dei andre laga mangla fleire av sine beste skyttarar, medan eidsøringane stilte med sitt absolutt sterkaste mannskap. Det blir elles påpeika at skytinga vart noko sjansearta på grunn av regnvær. Det vart og skote om ein pokal som direktør Ole O. Troldmyr hadde gjeve. Her stakk Torstein Eidsør av med pokalen med 253 poeng, føre Artur Fredsvik som oppnådde 244 poeng. Oddvar Flor var den beste skyttaren frå Tjelle med 231 poeng.
Pådrivarane
Eitkvart lag og organisasjon som baserer seg på frivillig og ulønna innsats frå medlemmane er avhengige av personar som er villige til å gå i bresjen. Slik også med skyttarlaget. På slutten av det forrige århundre sto forsvarsvilja og nasjonalkjensla høgt blant folket. I tillegg til interessa for skytesporten, var det nok og slik at mange såg det som både ei ære og ei plikt å engasjera seg for skyttarsaka. Når ein les i dei gamle protokollane til skyttarlaget finn ein navn som går att over tidsepoker på 30 – 40 år. Torstein A. Tjelde var lagets første formann. Det var tydelegvis ein mann som ivra for skyttarsaka. Vi kan følgja navnet hans i protokollane i mange år framover. Både som formann og som styremedlem. Ein annan som ivra for skyttarsaka var daverande handelsmann på Tjelle, Håkon Tjelle. Som omtala ein annan stad i jubileumsskriftet var han av lagets fremste skyttarar. Håkon Tjelle var og formann i ein del år.
Styremedlem i 48 år
I laget si 100-årige historie er det nok likevel utvilsamt rett å framstilla Johan Troldmyr som den personen som har bruka mest av si fritid og pågangsvilje til fordel for skyttarsaka og skyttarlaget. Han hadde vore med i laget heilt frå 1896, og var av dei som tok initiativet til å reorganisera laget i 1912. Han gjekk på sitt første formannsår den våren. Det viste seg å bli eit bortimot livsvarig val. Troldmyr var styremedlem heilt fram til 1960, da han trekte seg ut etter eige ønskje. Da hadde han vore med i styret i 48 år, av desse 27 år som formann. I krigsåra 1940 – 1945 låg aktiviteten i laget nede. Alle våpna vart inndrege av tyskerane. Under den første verdskrigen ser det derimot ut til at aktiviteten gjekk nokonlunde som normalt. Det går mange historier om Troldmyr og måten han skjøtta formannsvervet på. Dei som hugsar formannstida hans fortel at det var ein viss stil over lagskytingane i Troldmyr sin formannsperiode. Dette kan nok ha ein samanheng med at broren, direktør Ole Troldmyr i mange år var ein ivrig støttespelar for skyttarlaget. Direktøren sette opp fleire vandrepokalar, og det blir fortalt at han av og til heldt ein liten tale for skyttarane om han var til stades når dei skaut om ein av vandrepokalane som han hadde gjeve. Heilt til ut på 1970-talet var det vanleg at gutungane i bygdene som laget omfatta, vart innleigde til å anvisa. Dei seinare åra har skyttarane sjølve bytta på anvisninga. I dag blir det sett opp anvisarlister på samme tid som terminlistene blir sett opp. Ein søndag ettermiddag først på femtitalet skulle Oddleif Skjørsæter og Johan Troldmyr jun. anvisa på 200 meterhaldet. Skytinga gjekk seint med mange stopp, og gutane vart leie av å venta. Dette førte til at dei lurte seg til å kikka fram mot standplassen på sida av skyttargrava. » Ligg roleg i grava,» ropa Troldmyr senior, og smilte sjølv av orda han brukte. For Johan Troldmyr var skytinga den store interessa. Etter at han vart kårmann hendte det både titt og ofte at han tok turen til Tjellekleiva for å sjå etter og reparera eitkvart. Da hadde han også ofte geværet med seg. Ein gong kom det ein kar forbi og spurte Troldmyr om kva dagar det eigentleg var skyting på Tjellekleiva. » Spør heller kva dagar det ikke er skyting», svara Troldmyr.
Hjelpesmenn
Ein annan ivrig skyttar og ikkje minst viktig hjelpesmann for skyttarlaget var Jahn Klokset. Klokseth skaut om organisasjonsmedalje som 17 åring på Ørlandet der han stifta det første bekjentskapen med Kragen medan han var på besøk hos onkelen sin. Jahn Klokset tok fleire vandrepokalar til odel og eige, og sikra seg og mange flotte premiar og pokalar på stemner rundt om i fylket. Dotter til Jahn, Bjørg Reiten kan fortelje at det «ikkje var råd å halda han heime» om søndagane når det var skyting på Tjellekleiva; – Far trivdes på skytebanen og var svært ivrig både som skyttar og som medhjelpar når det var noko som skulle gjerast. Eg veit han ofte tok turen til skytebanen åleine for å reparera på eitkvart, fortel Bjørg.
Jahn vart utnevnt til æresmedlem i skyttarlaget i 1978, og fekk overrekt ei gave med inskripsjon som står på heiderplass i stua heime hos Bjørg den dag i dag. Olav T. Tjelle er ein annan av lagsmedlemane som har lagt ned mykje tid og arbeid for skyttarlaget. Olav var i fleire år formann for laget, og var elles nestformann og medlem av styret i ei årrekkje . Olav var ein god kneskyttar, og tok mange premiar. I bokverket «Norges skyttere i ord og bilder» som kom ut i 1955, omtala Olav sjøl andrepremien i Romsdalsmesterskapet i 1939 som den gjevaste premien han til da hadde fått. Olav var på Rød, og underteikna fekk sjøl lære han å kjenna gjennom eit år som butikkbetjent. Olav hadde ei fin framferd, noko han og tok med seg når han var på skytebana. For dei av oss som var ungar utover på sekstitalet var det alltid stor stas å koma seg på Kleiva om søndagene. Vi visste at Olav kom køyrande i den gråe varebilen sin der det både var brus og sjokolade å få kjøpa. Eit trekkplaster i seg sjøl for dei yngste av oss. Olav T. Tjelle vart utnevnt til æresmedlem i laget i 1978.
«Det var ikkje råd å halde far heime om søndagane når det var skyting på Tjellekleiva», minnes dottera Bjørg Reiten – som sjøl var ein ivrig skyttar i mange år. Her med ein del av premiesamlinga til faren.
Aktive skyttarår
Tjelle skyttarlag var av dei mest aktive laga i Romsdal skyttarsamlag utover på tredve-talet. Fleire av skyttarane i laget deltok både på landskyttarstemner, samlagsstemner og vanlege opne banestemner rundt om i distriktet. På Tjellekleiva vart det skote på fire ulike hald. 100 meter, 200 meter, 400 meter og 600 meter. 400-hundremeteren hadde samme skiveplasseringa som dagens 300 meter. Då skytingane kom i gang att etter siste verdskrigen var 400 meterhaldet gått meir ut til fordel for 300 meteren. Standplassen vart difor flytta dit den er i dag frå pallen ved flaggstonga. Hans Olafsen Tjelle har vore ein av dei mange aktive i laget heilt frå tredve-talet og fram til for få år sidan. Han har mellom anna vore med på tre landskyttarstemner. Sjøl om han etter eige utsegn aldri nådde dei heilt store resultata, har han alltid vore interessert i skytesporten. Denne interessa gjorde at han tok på seg vervet som kasserar i Romsdal Skyttarsamlag i 1961, eit verv han hadde fram til 1979. Som takk for innsatsen fekk han overrekt Det Frivillige Skyttervesen si heidersmedalje og diplom. Hans trekkjer spesielt fram fire skyttarar som henta heim mange lagspokalar frå samlagsstemna i desse åra. Jahn Klokset, Sigurd Langset, Håkon Tjelle og Olav T. Tjelle var alle ivrige og gode skyttarar. Håkon Tjelle blir trekt fram som ein særs stødig skyttar på frihand. Han var nøye med avtrekka og bruka ofte lang tid på å få avgarde skota. Det blir fortalt at han gjerne tok seg tid til ein slurk brus mellom seriane. Håkon var og formann for laget i fleire år, og var aktivt med heilt til han brått døydde i 1942, berre 38 år gamal. Olav T. Tjelle vart seinare mangeårig formann for skyttarlaget. Han skaut som oftast like godt på kneståande som på liggande.
Laget arrangerte i fleire år skytingar om organisasjonsmedalja. Hans fortel at han og fleire andre gutungar var med og anviste. Som betaling fekk dei gjerne ein femogtjueøring i påskjønning. Som vanleg var Hans av dei som fekk i oppdrag å anvisa også. da laget skulle arrangera skytinga om organisasjonsmedalja i 1930. Dette var samme våren som han skulle konfirmerast. Da som no var det slik at konfirmantane helst skulle møta fram på gudstenestene i Nesset kyrkje den sommaren dei skulle stå for presten. På grunn av at dei hadde lova å hjelpa til med anvisninga kunne ikkje Hans og eit par kameratar møta fram. Han har ikkje gløymt at presten påtala at skyttarlaget på Tjelle skaut i kyrkjetida. Hans har elles mest gode minner frå åra som skyttar, og fortel om eit aktivt og levande miljø på lagskytingane.
Samlagsstemne
Vi har og prata med Lorentz Tjelle som var kasserar i laget i mange år. Lorentz fortel at det vart arrangert samlagsstevne på Tjellekleiva i 1934, samme året som han vart konfirmert. I 1956 arrangerte laget samlagsstemne i feltskyting. Lorentz fortel om stor deltaking på stemnet i 1934, og minnes spesielt at ombodsmøtet – som vart avvikla i tilknytnad til samlagsstemna, vart avvikla utandørs. » Dei mange tilreisande skyttarane var avhengige av overnatting, og eg kan hugsa at det måtte innlosjerast folk over heile bygda,» fortel Lorentz. I samband med samlagsstemne vart 100 og 400 meterhaldet utvida med to skiver. 200 og 600 meter haldet vart utvida med ei skive. Lorentz hugsar han som gutunge syntes det var stor stas å få vera tilstades både under førebuingane og på sjølve stemnet. Dette var i formannstida til Håkon Tjelle. Lorentz kan hugsa at direktør Ole Troldmyr (bror til Johan) hadde med fleire brukte telefonapparat frå Oslo i høve stemnet. Dette slik at sambandet mellom standplass og skytegrav skulle vera forskriftsmessig. Det vart sett opp stolpar med isolatorar, og hesjestreng gjorde nytten som telefonline. Det blir fortalt at då Olaf Tjelle og Johan Troldmyr held på å prøva ut sambandet mellom standplass og 200 meter, så ropa Johan som var i skytegrava så høgt at det ikkje var vanskeleg høyra kva han sa – sjøl for dei som ikkje heldt i telefonrøyret på standplassen.
Med skyteaktiviteten kunne det oppstå eit og anna som grunneigarane ikkje var like glade for. Ein gong Ole O. Tjelle (Reiten) skulle jaga kyrne forbi, ba han skyttarane stoppa skytinga. No var dei truleg ikkje raske nok til å følgja oppmodinga, for Ole vart sint og tok til å hiva stein mot standplassen. Han vart anmeldt for dette, og Lorentz fortel at rettsaka var referert i Romsdal Folkeblad av vistdalingen Johan Høsteng som tok på seg litt avisarbeid på den tida. Avisa gjorde eit nummer av at Ole O. Tjelle hadde sagt at Tjelle skyttarlag hadde avfyrt tjue skot mot han denne aktuelle dagen. Folkebladet konkluderte med at det måtte ha gått att og ned med eit av dei fremste laga i samlaget som hadde avfyrt tjue skot utan å treffa med eit einaste eitt…
Lorentz meiner skyttarlaget har hatt stor betydning for bygda og omegn i dei 100 åra det har eksistert. Han er ikkje i tvil om at laget på mange vis var med og forma både nasjonalkjensla og forsvarsvilje blant dei som vaks opp i bygda.
Litt om dagens drift
Om laget vart rekna som eit av dei mest aktive i samlaget utover på tredvetalet, er det heller ikkje nokon grunn til å klaga på dagens aktivitet. Den største forskjellen i så måte er nok at dagens skyttarar heller sjeldan deltek på stemner utanom laget. Dei faste lagskytingane held fram som dei har gjort. Det er stort sett bra deltaking både når det gjeld skytingar blant damene og juniorane og rekruttane på hundremeteren. Det er elles grunn til å nevna at laget kunne ta i bruk ny hundremetersbane i 1988. Laget mottok omlag 24.000 kroner i statsbidrag i samband med bygginga av den nye hundremeteren. På 300-meteren deltek det stort sett 12 – 14 deltakarar på samtlege skytingar. Laget står og som årleg arrangør av eit ope feltstemne der det er oppsett vandrepokalar både til meisteren og til vinnaren av 30-skoten. Det var elles eit stort framsteg for laget da det i 1982 vart bygd permanent overbygg over 300 meterstandplassen. Allereie på slutten av sekstitalet vart det kjøpt inn jarnkonstruksjonar som det kunne trekkast presenning over på 200 meterstandplassen. Da dette haldet vart lagt ned vart konstruksjonane overflytta til 300 meteren.
Skyttarhuset og bruken av området rundt skytebana
Skyttarhuset på Tjellekleiva vart etter det vi har funne ut bygd i 1925. Det var på mange vis eit stort framsteg for laget å få eige hus. Skivematriell og anna utstyr som høyrer til på ein skytebane kunne lagrast trygt, og skyttarane fekk ein stad å opphalda seg under skytingane. Huset kom til sin rett når laget arrangerte skytingar om organisasjonsmedalja og andre stemner der skyttarar frå andre lag deltok. Huset var og i mange år nytta som festlokale, både til offentlege dansar og dei årvisse skyttarfestane derpremiane frå sommarens skytingar skulle delast ut. Det kunne vore fortalt mange historier om huset som festlokale. Det gjekk ikkje alltid like greitt for seg når ranvikingane, tjellingane, rødingane og gussiåsingane møttes i godt festhumør. Den 17. januar 1926 var det kalla saman til møte for å utarbeida lover for det nye skyttarhuset. Der vart det bestemt at huset skulle tjena som møtestad for skyttarlaget og «derved bidrage til at øke interessen for skyttersaken paa Tjelle.» Huset kan leigast ut til møter og samankomstar av alle slag i den utstrekning at huskomiteen i forståelse med skyttarlaget måtte finna det som tjenleg. «Dog må huset ikke bortleies til møter eller sammenkomster som tar sikte på å svekke, eller nedbryte aktelsen for vårt nationale forsvar, eller på annen maate strider mot skytterorganisationens opgave. ‘ Av lovene ser vi at huset ikkje skal leigast ut til dans meir enn fem gonger i året. Huskomiteen vart pålagt å føra eige rekneskap for bruken av huset, og nøklane var det berre formannen i huskomiteen som var betrudd å ha. «Ingen andre medlemmer har rett til at forskaffe sig saadan», står det i huslovene. Huset har og gjort sin nytte i nyare tid. Det vart lagt inn elektrisitet i huset i 1985, og i 1993 vart det vedteke å setja huset skikkeleg i stand. Dette var muleg på grunn av det statlege arbeidsmarknadstiltaket SKAP-M. Skyttarlaget kosta matrialane som skulle til. Arbeidshjelpa var dekt gjennom arbeidsmarknadstiltaket. Vindua mot riksvegen vart kledd att, og huset var mala og ordna innvendig. I sommar vart det og montert ei elektrisk vasspumpe og kjøkkenbenk. I 1990 vart det innleda drøftingar mellom Rød Vel og skyttarlaget med tanke på å utnytta området rundt skytebana til eit årleg olsokarrangement. På dagtid har det vore forskjellig underhaldning og auksjon både for ungar og vaksne. På kveldtid har det vore arrangert utedans med stor suksess. I år var det over 700 betalande på dansearrangementet. Dette har gjeve både skyttarlaget og Rød Vel gode inntekter.
Damene blir med
Som eit av dei få skyttarlaga innan Det Frivillige Skyttervesen, starta Tjelle skyttarlag med eigne skytingar for damer like etter krigen. Karen Skjørsæter var etter det vi veit den første kvinnelege skyttaren i laget. Karen var så stødig på avtrekkaren at ho konkurrerte på lik linje med dei mannlege 1.klasseskyttarane. Ein gong var ho berre eit fattig poeng frå å sikra seg ein askje i ein vandrepokal som direktør Ole Troldmyr hadde sett opp. Seinare kom det fleire damer med. Bjørg Reiten, Astrid Jakobsen, Tora Klokset, Hilda Klokset, Hilda Gamsgrø, Ida Tjelle og Agnes Tjelde var i mange år trufaste deltakarar på dameskytingane som den gongen var Skytingens Dag og haustpremieskytinga. I dag har ein ny generasjon damer teke over og fører med det denne noko spesielle og ikkje minst sosiale tradisjonen i laget vidare. For det var nemleg det sosiale og trivselen som stod i høgsetet den gongen damene vart med på skytingane. Dette var stort sett alle damer som hadde mennene sine med som aktive skyttarar. Bjørg Reiten fortel om mykje leven og latter når karane skulle instruera dei. Dei fleste damene hadde knapt teke i eit gevært tidlegare. Dei måtte ha hjelp til både å lada og til å stilla siktet. » Vi var ikkje så nøye på kven av oss som skaut best, det viktigaste var at vi hadde det triveleg i lag. Det hadde vi,» seier Bjørg. Ho kan elles hugsa den førte skyttarfesten som ho var med på. Det var samme året som ho vart konfirmert. På den tida skulle det helst gå minst eitt år frå ein var konfirmert til ein kunne gå på dans. No var det ikkje så lenge sidan Bjørg var konfirmert, men ho ville så gjerne vera med på festen på Tjellekleiva. Mora sa nei, men faren Jahn meinte at ho kunne vera med då også foreldra skulle avgarde. «Eg hugsar den festen den dag i dag. Det utvikla seg nemleg til slossing, ein ranviking og ein frå Rød rauk skikkeleg i tottane på kvarandre. «Hugsar eg tenkte for meg sjøl at var det slik det gjekk føre seg på festane kunne det vera det samme», seier Bjørg – som i ettertid har delteke på mange trivelege skyttarfestar.
Mange gode ranvik-skyttarar
Også i Ranvik har det vore organisert skyteaktivitet heilt attende til det forrige århundre. I den første møteprotokollen til Tjelle skyttarlag ser vi at Lars O. Ranvik var med i styret for skyttarlaget på Tjelle i 1897. Også seinare ser vi at ranvikingar har stått som medlem i Tjelle skyttarlag. Møteprotokollane for Ranvik skyttarlag har ein ikkje lukkast i å spora opp, men vi har prata med med Hans A. Ranvik som var med på å starta opp att skyteaktiviteten i laget på femtitalet. Vi har og fått tak i ein protokoll som syner resultata på enkelte skytingar i laget i åra 1922 og 1923. Her er det og ein rubrikk som fortel om skyttaren er sjøleigar av eit Krag-Jørgensens gevær. Anton Barstein, Ole E. Barstein, og kanskje den fremste skyttaren i Ranvika nokon sinne, Petter P. Gussiås står der oppført som eigarar av kvart sitt gevær. Desse hadde ikkje eige gevær: Ivar O. Stormyr, Edvard O. Stormyr, Hjalmar O. Stormyr, Ole O. Stormyr, Ole O. Myrvang, Ivar P. Gussiås, Ole J. Barstein, Hans O. Hestad, Hilmar M. Ranvik, Iver J. Ranvik, Hans J. Buvik, Eilert Aaram og Ole A. Ranvik.
Var med far
Hans Ranvik fortel at han hugsar organiserte skytingar i laget like etter siste verdskrigen. Den gongen skaut dei oppmed «Gjerdesteinen» på Hjellen. Standplassen var rett ovanfor løa på garden til Olaf Ranvik. Der skaut dei mot skiver som vart plasserte opp mot skogen. -» Eg kan hugsa at far var med og skaut. Skytehalda trur eg var 100 og 200 meter. Var ikkje så gamle karen på den tida, men eg hugsar eg fekk låna geværet for å «prøveskyta», fortel Hans. Ranvik skyttarlag skaut i fleire år på denne staden. Det vart prata om å byggja ny bane, men det vart av ulike grunnar ikkje noko av. Etter ein stopp på nokre år meiner Hans at aktiviteten tok seg opp att i 1951 eller 1952. Da hadde dei flytta skytingane opp på Ranviksetra. Furuskogen vaks etterkvart til ovanfor løa til Olaf Ranvik, og staden vart difor lite egna som skytebane. Det var på Ranviksetra skytingane og gjekk føre seg før krigen. På bortsida av elva, attmed nokre store steinar var det standplass. Skivene vart festa på rammer som vart sette frå seg i myra på passande hald. Hans kan hugsa det var oppsett pokalar det vart skote om, og han gløymer ikkje sin første skyttarfest som vart halde heime hos Ingvald Stormyr. Der møtte både gutane og jentene i bygda fram. Dansen gjekk føre seg på kjøkkenet. Det har vakse opp mange gode skyttarar i Ranvik. I etterkrigstida nevner Hans mellom andre mangeårig formann i laget, Oddvar Barstein. Broren Oddleif kunne til tider vera vel så treffsikker. Også Hans Hestad, Hans Ødegård og Oddvar Flor var sett på som stødige skyttarar. Flor var i fleire år aktivt med også i Tjelle skyttarlag.
Terminlista for 1994 syner at aktiviteten i laget er god.
TJELLE OG RANVIK SKYTTARLAG ønsker velkommen til ein ny sesong på skytebana. Styret har plukka ut ansvarlege for kvar skyting. Viss det ikkje passar for deg å møte på dei dagane du er satt opp, er du sjølv ansvarleg for å finne ein person i staden din.
Dei som vann ein aksje i vandrepokalane sist sesong, tek pokalane med på den skytinga som pokalen gjeld for. Dette for at styret skal få gravert inn namna på vinnarane og få dette i orden.
Alle skytingane laurdag og søndag begynner kl. 13.00
Dato/Tid: Hendelse: Dist.: Ansvarlege:
Tor. 26. mai Dugnad kl. 18.00 Alle
Søn. 29. mai Skytingens dag 100 m: Styret
Søn. 5. jun. Begerskyting / dugleiksmerke 100 m: Einar Kolstad (standplass), Sigmund Tjelle, Per Holen
300 m: Ola Tjelle (standplass), Gunnar Buvik, Hans Petter Ranvik, Geir Klokseth, Kjell Arild Skjørsæther
Ons. 15. jun.
kl. 16.00 Medaljeskyting 100 m: Kolbjørn Klokseth (standplass), Ola Tjelle, Gunnar Buvik
Søn. 19. jun. 15 skudds-pokalen 300 m: Per Egil Myrvang (standplass), Sigmund Tjelle, Odd Magne Tjelde, Hans Ranvik, Lars Kristian Kvernberg
Søn. 26. jun. Oscar Syltes pokal 300 m: Peder Myrvang (standplass), Kolbjørn Klokseth, Odd Magne Tjelde, Jan Svensvik, Geir Klokseth
Søn. 3. jul. Vandrepokal damer 100 m: Sigmund Tjelle (standplass), Kjell Arild Skjørsæther, Gunnar Buvik
Søn. 7. aug. Mesterskapspokal 300 m: Per Egil Myrvang (standplass), Ola Tjelle, Einar Kolstad, Per Holen, Jan Erik Nilsen, Odd Magne Tjelde
Fre. 19. aug. Jaktprøve 100 m: Peder Myrvang (standplass), Hans Ranvik
Lau. 20. aug. Jaktprøve 100 m: Sigmund Tjelle (standplass), Lars Kristian Kvernberg
Søn. 28. aug. Grunnlag / omgangspokal 300 m: Kolbjørn Klokseth (standplass), Hans Petter Ranvik, Per Egil Myrvang, Kjell Arild Skjørsæther, Per Holen
Søn. 4. sep. Haustpremieskyting / 13 skudds pokal 100 m: Kolbjørn Klokseth (standplass), Lars Kristian Kvernberg, Per Holen
(jubileumsskyting) 300 m: Gunnar Buvik (standplass), Geir Klokseth, Ola Tjelle, Einar Kolstad, Odd Magne Tjelde, Jan Erik Nilsen
Frå hovudboka med resultat frå Ranvik skyttarlag i 1922.
Formenn i skyttarlaget
1894 – 1899: Torstein A. Tjelde
1912 – 1914: Johan Troldmyr
1915: Lars L. Tjelde
1916 – 1917: Olaf H. Tjelde
1918 – 1920: Johan Troldmyr
1921 – 1922: Ole O. Tjelle
1923: Karl O. Tjelle
Fra 1923 til 1951 har vi ikkje styreprotokollane å forhalde oss til. Fram mot 1940 veit vi at Håkon Tjelle og Johan Troldmyr stort sett bytta på som formenn. Johan Troldmyr vart valgt som formann da laget tok opp at verksemda i 1945. Troldmyr var formann fram til 1959.
1960 – 1967: Olav T. Tjelle
1968 – 1969: Hans O. Tjelde
1970 – 1971: Olav T. Tjelle
1972 – 1976: Ola Tjelle
1977 – 1978: Sigmund Tjelle
1979: Olav Almskår
1980: Kolbjørn Klokset
1981 – 1983: Einar Kolstad
1984 – 1985: Sigmund Tjelle
1986: Einar Kolstad
1987: Peder Myrvang
1988 – 1989: Per Egil Myrvang
1990: Peder Myrvang
1991 – 1994: Per Holen
1995: Lars Kristian Kvernberg
Skyttarkort
Artikkelinfo: Jubileumsskrift 100-årsmarkering av Tjelle og Ranvik skyttarlag.
Kilde: Trykt hefte – «MediaHuset a. s. Sunndalsøra»
Bidragsyter: Sigmund Tjelle
Årstall: 2003

Siste kommentarer